Her kan du lese om Storelva i artikler fra aviser.
Bygdanytt.
Fisket har aldri vore dårlegare
Men Storelva i Arna er likevel den beste lakseelva i Hordaland.
Publisert: 15. januar 2015 12:42 Oppdatert: 15. januar 2015 12:44
2014 vart eit heilsvart år for lakse- og sjøaurefisket i fylket vår. Sidan ein byrja å føra statistikk i 1972 har det aldri vore tatt færre fiskar enn i fjor. Unntaket er 1988, men då var alle elvane i fylket stengt som følgje av eit sentralt vedtak. I alt blei det i fjor tatt 4.083 kg laks, fordelt på 3.085 kg avliva og 998 kg utsett.
Best i fylket
I Storeelva i Arna blei det tatt 725 kg laks i fjor. Av dette vart 549 kg avliva og 176 kg sett ut att, og lakseelva i Arna er med det den beste lakseelva i fylket.
Formannen i Arna sportsfiskarlag, Stein Sivertsen, hadde ikkje høve til å snakka med Bygdanytt, men det hadde derimot Stein Åge Engstrøm. Han er leiar i Lonevåg sportsfiskarlag, og medgjev at fjoråret var traurig.
Ja, det er nok av dei dårlegaste åra som me nokon gong har hatt, seier han, og kikkar på statistikken som fortel om 105 laks, med ei snittvekt på 1,6 kilo. Totalt blei det tatt 168,8 kilo i elva i løpet av året.
Nyeste kommentarer
Secured
radical
Tuna
redundant